

SylveLine
Song og musikk for avspenning og stressreduksjon i samarbeid med Offtune.

So og ro, tipp på tå
Velkommen til ein 1- eller 2-dagars workshop der du får lære deg voggeviser frå ulike delar av verda. Rytme og tonar får oss til å senke skuldrene og puste rolegare. Vi inviterer inn til ei stund fylt med musikalsk fordjuping og ro. Musikk og kultur formår å gje trøyst og skape meining i tunge tider. Vi let oss inspirere av voggeviser frå andre kulturar som har vorte lært frå munn til øyre gjennom generasjonar, og som gjev trøyst og byssar til svevn uansett plass på jorda. Eksempelsong: Arroro. Biletet er brukt med løyve av Elsa Beskows etterkommarar.

Kople av - kople på
Vi arbeider med songøvingar, hjernetrening og kreativitet.
Fyrste del handlar om å avkopling og avspenning, å roe ned og finne tak i eiga røyst.
Andre del handlar om å kople på att med morosame øvingar for kropp og hovud. Og songen skal med!
Innhald og form tilpassar vi ut frå målgruppa, mellom anna kan vi variere kor lenge vi skal halde på, kor mykje teori vi skal inkludere, og nivået på songar og øvingar.

Song, musikk og natur
Som stressforebygging tilbyr vi eit kurs fyllt med rogjevande song, musikk og naturvandringar. Her får du kjenne på musikkens og naturens lækjande krefter. Fokurset ligg på song, med kanonsong og enkle stemmer. Nokre gongar legg vi på instrument. Vi byrjar med oppvarming av røyst og kropp, sidan syng vi songar frå ulike land og på ulike språk. Etter ei stund går vi ut i naturen. Du treng ikkje å ha sunge eller spelt musikk tidigare, og du treng heller ikkje vera i veldig god fysisk form. Vi tilpassar oss til deltakarane.

Forteljarkonsertar
Ofte samarbeider eg med andre, til dømes Karolina Westling og Kirsti Holmquist Arntzen. Eit lite utval:
Lyden av seterliv - om bruk av stemme og instrument på setrene, om hulder og anna som høyrer seterlivet til. Med stemme, fele, lur, bukkehorn og fløyter.
Ord og tonar frå eldre tider - historier og spel på gamle instrument som bukkehorn, lur og ulike fløyter.
Lyd og musikk - gjerne kombinert med instrumentverkstad eller eit escapespel om lyd og musikk for heile familien.

Tiljetoneturar
Tiljetonetur - vandring med forteljing om ulike tema og musikalske innslag.
Vi har hatt med oss ulike fagpersonar og kunnskapsrike folk til å fortelle og forklare. Undervegs tek vi ein stans med litt musikk og song. Kvar tur vert avslutta med ei samlingstund med ein kaffikopp og litt å bite i. Under er video frå nokre av turane.

Escapespel
Spel som læringsform har mange moglegheiter og er engasjerande. Med pedagogiske escapespel utviklar spelarane ferdigheiter i samarbeid, kommunikasjon, kreativitet, kritisk tenking og problemløysing. Vi tilbyr escapespel og spelproduksjonskurs frå Camelot Escape Room AS for bedriftar, organisasjonar og skular. Vi har òg inspirerande verktøy og opplegg for idémyldring og problemløysing, anten du treng du inspirasjon og idéar, eller vil ha ein god prosess i utviklingsarbeidet.
Tiljetoneturar til Hallesetra og Gopledal
Tiljetonetur med smak av Skottland
Alltid ope







